Misvisande namn
Det herjar eit ekstremver i nord. Namnet er Kyrre. Tydinga av namnet er roleg eller fredeleg. Eit fredeleg ekstremver! Når ein storm eller uver vert klassifisert som ekstremver, får det eit kvinne- eller mannsnamn. Her er det jamstelling. Annankvar, mann eller kvinne. Finst det ikkje eit anna mannsnamn på «k» som er meir krigersk eller ufredeleg? Knut er kanskje brukt før, men eg kjem på eit norsk ord for ein liten tornado; Tynna- Knut. Det er meir trykk og slag i Knut enn i Kyrre. Etter k kjem l. Skal tru om meterologane kallar det neste ekstremveret for Linda? Trur Laura er betre. Laura er i min fantasi ei skikkeleg druse. Så får vi sjå…
