Follabloggen

Velkommen til min blogg

Robust

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 30. januar , 2014

Er du robust? Eg er i tvil om eg kan vere det. Høyrer ordet titt og ofte nytta i media no i det siste. Trur det må vere det ordet vi skal nytte no for å bli lagt merke til. Ei kommune eller ei bedrift må vere robust får vi høyre, robust for å tole motgang og vanskelege tider. Eg har ein stygg mistanke om at det er eit krav til folk også om å vere robust. Skal eg bli robust, må eg trene kroppen min, kanskje mentalt også. Mogleg det kunne vere eit nyttårsforsett: bli meir robust.

 Då eg fann ut at ordet robust kjem av robustus, som er latin og avleidd av rubur, eiketømmer, vart det meir levande. Eika har styrke og fastleik. Ja, ja. Vi har ei eik i tunet som har styrke og livsvilje. Robust er nok eit godt ord for å illustrere styrke, men eg veit ikkje om det kan vere brukande for meg i alle samanhengar. Har nett gjennomlevd ei forkjøling, ei forferdeleg hurkling og hosting. Då skjøna eg at eg er lite robust. Kan gjerne halde fram med fleire døme på at eg ikkje er av dei mest robuste. Har litt lett for å bli motlaus og gramme meg for filleting. 

No har eg vorte opphengde i eit omgrep som det vert vanskeleg å fri seg frå. No driv eg difor med å kartlegge område der eg faktisk er robust. Før eg tek natta, skal eg opp på loftet og hente ei mus som har gått i ei felle. Kvinna i heimen vil ikkje gjere den jobben så då får eg skride til verket og få avåtet ut av huset. Det må då vere robust.

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    januar 31, 2014 @ 21:14

    Det er ikkje sikkert ein føler seg som det, sjølv om ein er det. Eg har mange eksempel på at du er robust ;-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php