Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kva no?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 13. januar , 2014

Ved ei ny vending, eit nytt år eller inngangen til ei ny tid, kan spørsmålet vere: Kva no? Snakka om ei ny tid når ein er på full fres inn i alderdommen med fare for både det eine og det andre. Det kjendest som ei aktuell problemstilling i dag då eg sette det eine beinet ut på eit kaldt golv. Kva no? Skal det berre gå til atters no når eg har oppnådd det som Skrifta seier er mannen sin alder?

Etter som dagen har gått og den første kvelden i det nye tiåret i mitt liv er komen, tenkjer eg: Det var no vel berre tilfeldig at det sat ei ugle i toppen av flaggstanga  i dag tidleg. Ho sat der i grålysinga den vesle ugla. Kva ville ho der? Visste ho at eg ikkje heiste flagget i går då eg fylte dei sytti. Dei gamle meinte at ugla ikkje varsla noko godt. Det var ein nordmann som opna bokhandel i Tyrkia og sette ein stor plakat av ei ugle utanfor boksjappa si. Det skulle han ikkje ha gjort for ingen kom for å handle. Å gå inn der var livsfarleg.

Eg vil ikkje  bygge livet mitt på varsel og vardøger, tvangstankar eller mismodige utsikter, sjølv om klokka tikkar mot æva.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php