16 ulv
Der kom det igjen! Kvifor gjer dei det? Vakna i dag til nyheita om at det er skote 16 ulvar i Norge i år. Opplesaren forkynte at det var 16 ulv. Kvifor eintal når det er fleirtal. Eg har høyrt liknande før når skipsbaronane i Herøy snakkar om kontrahering av nye skip til 100 million.
Det er mykje å passe på for ein tilårskomen språkrettar. Har elles kosa meg med dialektprogrammet på TV. Lika spesielt godt då programleiaren var på Grodås og herja med Frode Knotar. Noja, vi har vel knota litt nokon kvar. Vi har barnebarn som skarrar og barnebarn som snakkar oslosk, men det er ok. Snakke grammatisk rett må dei sjølvsagt gjere skal dei ikkje bli gjort arvelause. «Det heiter ikkje hundre fisk! Basta!»
