Slåttonn i Afrika
Det finst kanskje slåmaskiner, forhaustarar eller plenklipparar i Etiopia. Eg såg ingen. Stuttorvar og langorvar såg eg heller ikkje. Graset vart slege med små sigdar, ikkje berre langt gras. men også plenar vart trimma med sigd.
(Foto: Ketil Fuglestad) Graset som kvinna har «skore», vert turka på marka. Etter ein slik markaslått, hadde eg vorte av i ryggen. Eg trur dei som driv med denne slåtten, ville nekte å bruke ljå. Kanskje finst det ein god grunn til å bruke sigd?
Fleire som skulle forevige slåttereiskap og slåttekarar.

