Bonde i høgfjellet
Han lika ikkje at eg tok bilde av han, den unge bonden som pløgde ny åker. Dette er høgt til fjells, ca 3500 m.o.h. Eg spurde han på engelsk kor høgt det var her. «Fifty metres». svara han. Då måtte eg tenkje på kor høgt over havet det er der eg bur. 50 meter! Ein må hugse på at denne unge fjellbonden bur berre ca 7grader nord for ekvator. Her har kanskje bonden sådd korn i åkeren sin.
Driftsmåten er ikkje tidsmesseg, kanskje. Pløying med oksar er tradisjonelt på desse breiddegradene. Det er nok for dyrt å skaffe seg traktor, og mange stader her er det i brattaste laget for motorisert drift. Men miljøvennleg må det vel vere sjølv om oksane slepper ut litt gass no og då.

