Bort i stauren
Dette skulle vere ein freistnad på å illustrere uttrykke: «Bort i stauren». Det er ei mengd staur her. Det er staurar for ein kvar smak. Det er ikkje hesjestaurar eller gardstaurar, men likevel vel eg å kalle det staurar. Vert kanskje litt staurgale, men ei nemning må det ha for tankane eg gjer meg. Dei har hatt mykje arbeid med å lage til desse staurane og samla dei, er vel eit slag lager her, men det ser også ut til at det er eit byggverk under oppføring. Eg såg dei drage og bere på staurar, og då måtte eg tenkje på mauren som dragsar på pinnar til tua si. I dette landet vert dei i brukte til mangt. Dei vert bindingsverk i enkle hytter, stillas, tekkje over opne grøfter, i det heile eit mangslunge hjelpemiddel. Det eg ikkje fann ut, var kva slag treslag som vart brukt.
«Bort i stauren» tyder noko som er tullete og meiningslaust. Slik sett skulle eg ikkje vasa med å trekkje inn uttrykket i noko så seriøst som byggematerial i Etiopia. Eg fall rett og slett «i stavar» av synet. Viss du ser fingrar eller hender i motivet, så er ikkje det noko unaturleg. Det er mine fingrar.

