Future Hope Academy
Eitt av høgdepunkta på turen var vigslinga av den skulen vi har fått vere med på å bygge. Skulen ligg i byen Arba Minch. Det er barne- og ungdomssteg og barnehage. No er det også planar om vidaregåande (college).
Her er ei av blokkene. Legg merke til illustrasjonane på ytterveggene.
Ein representant for Mekane Yesus-kyrkja heldt vigsletalen, og deretter var det snorklipping. Prosjektleias Wakete Galunde er på veg fram (til venstre). Dei tre ihuga sykkylvingane, Ole Andreas Utgård, Steinar Myklebust og Magnar Aursnes, står klare til å vere med på snorklippinga.
Programmet vidare var også utandørs, ved tomannspultar. No vart det talar og gåveoverrekkingar. Turdeltakarane hadde med skulemateriell i bagasjen sin, m.a. lap toppar og pennar.
Eg fekk også vere med på gåveoverrekkinga. 
Det var ekstra kjekt at representantar for vidaregåande skular på Sunnmøre også var med her. Elevar frå Sykkylven, Spjelkavik og Ulsteinvik har vore med å samla inn pengar til skulen gjennom Operasjon Dagsverk.
Alle gjestane frå Norge fekk skjerf, og dei tre pionerane frå Sykkylven fekk heidersteikn. Til slutt var brus til alle, injera og wot, og bollar til dei som det ville ha. Mørkret fall på før alt var over.
Til slutt må eg ta med eit innebilete. Uteområdet til skulen treng ei kraftig opprusting. Det var framleis regntid då vi var der og den raudbrune gjørma følge skorne våre. Det såg ikkje ut på golvet inne i den blokka vi kikka inn i. Stakkars reinhaldarar! Vi var samde om at her må det gjerast tiltak.







