Follabloggen

Velkommen til min blogg

Injera og wot

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. oktober , 2013

Tre gonger injera og wot til middag eller lunsj var nok for meg. No er vi heime i gamlelandet, og denne etiopiske nasjonalretten står ikkje lenger på middagsmenyen.

Injera er er ei lefse der hovudingrediensen er ein kornsort som heiter teff. Teff skal vere bra fordi det ikkje er gluten i han, men smaken av denne grå lefsa er litt sur, og viss ein er litt sleivet, kan ein seie at injera ser ut som ei vaskefille og smakar slik også. No et ein ikkje berre injera, men også wot. Utover den litt vide pannekaka legg ein kjøtrettar som er meir eller mindre sterkt krydra. Elles finst det ymse kokte grønsaker, og gjerne kokte egg også. Injera og wot et ein med fingrane. Då tek ein seg eit stykke injera og hentar opp ymse av woten som ein deretter puttar i munnen. Etter regelen skal ein berre bruke ei hand. Dei som har lært å setje pris på retten, ser ut til å velje dette frå menyen når den finst der. Eg synest det er ein spennande rett, men siste gongen eg åt det, var ikkje matmeltingsorga heilt med på notane.

injera og wat

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php