Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kva det luktar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 14. oktober , 2013

Lesarane mine har krav på å få vite kva det luktar i det landet eg nett har gjesta. Sidan det er så mange slag lukt i dette store landet, må eg avgrense meg til hovudstaden Addis Abeba.

Addis Abeba er millionby og her er det både rike og fattige, og som elles er det mest av den siste kategorien.

Ut frå det eg no veit, har eg klar ein teori om kva det luktar. I Etiopia kokar folk mat over open eld, anten det no er i dei tradisjonelle halm eller grastekte hyttene, inne i bølgjeblekkskur eller i noko finare hus. Røyken kjem ut i lufta og ber med seg både røyklukt og andre angar som følgjer med. I storbyen er det elles mykje biltrafikk, og lukta frå avgassane går også ut i den lufta vi pustar inn. Dyr er det mange av, også i denne byen, kyr, esel, hestar og muldyr. Folk kryr det av og dusjing kvar dag er sjeldan. Tre og plantar har også sine dufter, det same med blomar og grasvekstar.

Eg såg veldig få folk som røykte. Difor går eg ut frå at lukta i Addis har eit minimalt innslag av sigarettrøyk.

Ein som hadde vore i Addis før, sa då vi kom dit: «Eg kjenner meg att. Slik luktar det i Addis Abeba.»

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php