Follabloggen

Velkommen til min blogg

Nataskog

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 10. september , 2013

Eg tviheld på at det heiter not og ikkje nøtt. Då heiter det fleire neter og nataskog. September er natamånaden. Viss du ikkje vil at ikornet skal ha alle netene, så må du ut og sanke.

 Ingen nataskog, men ein og annan runn, haslerunn, er her. Ser eg ein hassel med neter i hams, må eg prøve å få tak i godsakene. Ein gammal hasselrunn kan få veldig lange, skal vi kalle det greiner. I gamle dagar hadde dei lange stenger med ein krok i enden. Med den kunne ein hente ned toppen og greina og forsyne seg med neter

Ein dag etter middag ville kona ut og hauste neter. Ho tok med ei rive. Det viste seg å vere smart. Vi brukte den til å ”hente ned greiner”. Du kan ikkje klatre i ein hassel. Det er det berre ikornet som kan. Vi har stundom plukka neter som har falle ned på bakken. Dei er som regel utan kjerne. Ikornet veit kva neter som er mat i.

Det vart ingen stor fangst. Vi treng det heller ikkje som matauk. Neter kan du kjøpe på matbutikken. Under siste krig var det svært vanleg å sanke neter om hausten. Då vart det gjerne kamp om haslerunnane. Neter er eit sunt mattilskot. Natakjerna innehald einumetta feittsyre og er rikt på E-vitamin og kalsium. Haslelida ligg ovanfor gardstunet. No er der mest ikkje hassel igjen, berre digre grantre. 

IMG_0360

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php