Follabloggen

Velkommen til min blogg

SANKETID

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 15. august , 2013

Det er dei som har det som livsstil å samle på eitt eller anna, eller kanskje samle på det meste. I dei siste tilfella syner det seg ofte at det her også er snakk om folk som ikkje greier å kaste. Då vert det gjerne overfylt i alle rom.

 Eg likar å tenkje at eg ikkje samlar på noko. Då ser eg bort frå det som skjer med meg om hausten. Det kom nok inn med morsmjølka at eg skal samle om hausten. Nei, ikkje samle: sanke. Det ligg ei forventning i det å skulle ut og plukke blåbær. I år ser det dårleg ut med desse bæra, men eg trur likevel at eg kan råke på gode tuer med søte bær. Ein tur på bærskogen minner meg alltid om barndommen og dei turane vi då var på, all traskinga, lukta av lyng og bregner. Soppen får stå i fred, det er berre bæra det gjeld. Mykje eller lite: det endar med blå fingrar og reinsking i etterkant.

Til no har eg vore på to sanketurar etter dei blå bæra. Første turen vart det ei ”transjakling” i heimemarka og litt på ukjend sti i bygda. Resultatet var ynkeleg. I går var det ein ny tur: Då var det barndommens setermark. Bær fann vi, men reinskinga avsløra manglar ved kvaliteten. Svinn: 20 % . Etter dette arbeidet måtte det bli pannekaker med blåbær. No har eg frett at i Stryn er der ein plass med ei uhorveleg mengde bær. Eg tenkjer at det vert om lag slik som det er når ein høyrer rykte om godt fiske, Når ein då tek ut, er det for seint.

 Det var tydeleg at nokon hadde vore der før, i det omtala området i Stryn. Vi fann fine bær og inn i mellom var det blått i lyngen. Det har vore stigning i sankingsprogrammet. Kvar reiser vi neste gong? I dag har eg også plukka rips i eigen hage som oppvarming til turen til Nordfjord.

Ein fin sommardag, men i morgon skal det regne igjen…

047

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php