Kul dame
Petter på 10 år vart heilt oppslukt av TV-programmet om Nikka Grønning som vart vist på Nrk1 no rett etter påske. Ja, han la seg på magen framfor flatskjermen og såg på denne livsfriske 97-åringen. ”Denne dama må eg møte,”sa guten som elles ikkje har brydd seg om anna enn Star Wars. Kanskje han har ein sjanse til det viss mora og faren tek han med til Valldalen til sommaren. Det er ikkje sikkert det hastar så fole, for dama som bur åleine i Myra, har tenkt å bli 110! Bestefaren til Petter ringde meg dagen etter at programmet vart sendt, og takka meg for tipset. Eg kjem ikkje til å slette opptaket. Kjem det nokon innom som ikkje har sett det, skal eg gjerne spele det av om dei viser litt interesse for ei god livshistorie.
”Kul dame,” var ein kommentar eg fekk på telefonen same kvelden. Eg trur ikkje den som er kul alltid treng å gå inn for å vere det. Kanskje er det nok å vere seg sjølv, gje seg lov til å le fritt og vere noke for dei som er rundt seg. Sjølv tenkjer eg at ho er av gamlesorten. Syslar med eit kvart heile tida, brukar hendene og er levande oppteken av det som er rundt seg. Kanskje dei som tykte ho var kul, tenkte på hovudbunaden ho bar, ein caps med propell driven av eit lite solcellepanel. Petter var nok imponert av det, men den hundre år gamle svingtrappa var han også fascinert av.
