Follabloggen

Velkommen til min blogg

I revnerne kun….

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 25. mars , 2013

 

”Der ligger et land mod den evige sne,
i revnerne kun er der vårliv at se.
Men havet går til med historie-døn,
og elsket er landet som mor af sønn.”

Eg brukar å vakne fleire gonger kvar natt. Sist natt rann  strofa ”i revnerne kun er der vårliv at se”, meg i hugen. Det vart som så ofte før når ei verseline eller sangstrofe dukkar opp nattes tid eller om morgonen;  den kvernar i hugen heile dagen. Måtte leite fram Bjørnson sitt dikt ”Der ligger et land mot den evige sne”.

Vi skriv 25. mars, men vårliv skal ein leite langt etter. Ski- og sledeføre er det og sol frå blå himmel. Bjørnson visste det var liv i ”furet værbitt”, men å vite det er ein ting, sjå det er noko anna. I dag vart det sagt på radio at det ikkje har vore så tørt på Vestlandet sidan 1903. Då var Bjørnson framleis i live. No trur sjølvsagt eg og andre pessimistar at det vert regn og rusk i månadsvis når dette såkalla fineveret tek slutt!

Då vert det vel vårliv andre stader også – ikkje berre i revnerne.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php