Sunliktsåpe
Sunliktsåpe
No er eg heime etter eit relativt kort opphald i hovudstaden. Livet i byen er framleis annleis enn på bygda, og det synest eg er bra. Ein dag fekk eg eit enkelt oppdrag: Eg skulle gå på butikken og handle. Kona mi trong det vi kallar sunliktsåpe. Når ho er på besøk med næraste slekta, må ho alltid gjere noko nyttig. Nyttig vil seie vasking, støvturking eller matlaging.
Dei hadde ikkje den spesielle såpa på Kiwi endå eg sa/ sunlait/ sidan det eigentleg er engelsk og vert skrive Sunlight. Rimi hadde heller ikkje sorten. Eg gadd ikkje å gå på Rema sjølvom det var kort veg dit. Veit ikkje om det finst Coop Marked på Rodeløkka.
Heime har vi alltid sunliktsåpe, ho har følgt meg så lenge eg kan hugse. Ei så god og innarbeidd såpe kan vel ikkje vere på veg ut? Det ligg alltid eit stykke av den lysegrøne såpa i ei skål på vaskerommet. Det er ei av dei eldste merkevarene vi har. Ho kan brukast til klevask, handvask og oppvask. Det er ei rein og giftfri(!) såpe utan tilsetning av parfyme, og ho er rimeleg i innkjøp. Ei såpe har gjerne eit avgrensa bruksområde. Annleis er det med sunliktsåpa. Ho kan også brukast til å smørje vedovnar med slik at dei ikkje rustar når dei står ubrukte, altså ei alternativ ovnsverte. Sidan såpa skummar så godt, kan ho sikkert brukast ved barbering. Eg ville ikkje bruke slikt skummingsmiddel. Skulle eg finne på å gjere det, måtte eg vaske meg i Lano etterpå og dynke meg med etterbarberingsvatn.
