Follabloggen

Velkommen til min blogg

Jørgen Fredrik Berntsson Viddal

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 20. januar , 2013

|Brit Johanne og Jørgen Fredrik

|Jørgen Fredrik Berntsson Viddal fødd. 3.03.1847, død 1.06.1938. Han vart gift med Brit Thorbjørnsdotter Saure. Brit var jordajente i Andersgarden på Saure. Dei dreiv først garden på Viddal, men flytte så til Saure og tok over Andersgarden. Jørgen dreiv med trondheimshandel og hadde jekt saman med nokre andre.

Det er lite stoff å finne om Brit. Jørgen levde over 20 år etter at kona gjekk bort. I dag angrar eg på at eg ikkje intervjua mor om oldeforeldra mine på Saure. No må eg støtte meg mest til skriftlege kjelder.

Jørgen var truleg ein gåverik mann med sans for praktisk gardsarbeid, men han var nok også ein flink handelsmann, ein som kunne segle ei jekt mellom Bjørke og Trondheim og halde styr på bokføringa.

Faren til Brit, Anders, hadde drive trondheimshandel og no vart Jørgen også medeigar og partnar i slik verksemd. Eg har ikkje funne ut kva tid denne handelen tok slutt, men det vart nok slutt då det kom motordrivne båtar rundt hundreårsskiftet.

 

Til Trondheim var det ein tur om våren og ein om hausten. Nordover hadde dei med seg smør, ost, talg, spikekjøt, tønneband og skinnklede av barka skinn. Det var anten kontantsal eller varebyte. Lasta sørover att var kverner frå Selbu, slipesteinar, bygg, havre, tjøre, heimevove ty og diverse omsettelege småvarer.

I boka ”Minne frå Hjørundfjorden og bygda mi”, fortel den då unge John Mork om ein tur han hadde til Saure, sitat:” Ein dag bad far meg gå til Saure og betale Gamle-Jørgen 100 kr. Han hadde lånt nokre kroner med han for nokre år tibakes. Jørgen var Trondhjemshandlar, og som dei fleste av den sorten hadde han pengar. Eg traff Jørgen ute på tunet og fylgde han inn i lissjestova, som var loft i. Han tok ned eit svart skrin frå ei hylle som var spikra under bjelkane. Eg leverte han pengane, ein bunt med tikronesetlar. Jørgen sette seg til bords og talde”Tie, tjue, tredeve”. Han strauk kvar setel han la på ladet og liksom kjærteikna dei.Når dette var gjort, la han ein liten stein på ladet og sette skrinet på hylla. Han skreiv ei kvittering og bad meg takka for pengane.”

Det vert fortalt at Jørgen slik som mange andre, leid tap då bankane rauk i dei store nedgangstidene på tjuetalet.

I årsskriftet for ”Frå Hjørundfjord” som kom ut i 2012 er det ein liten artikkel som som fortel om Jørgen då han var om lag fire år. Faren hadde teke med seg sonen til kyrkja på Sæbø. Jørgen stod i benken og faren heldt han rundt skuldrane. Brått kom hunden til presten oppover midtgangen i kyrkja. Guten kunne ikkje dy seg og sette i:” Ken de e so eige dinna grautabikkja der?”Presten tykte nok dette var ein særs frimodig pode og gjekk bort til guten og spurde: ”Hva heter du gutt?” Halvemålet var levande i bygdene denne tida. Då vart h-en borte framfor vokal og sett inn der han ikkje skulle vere, sjølvsagt og framfor vokal. ”Ej ete graut og mysebrente sul”. Svara Jørgen. Etter denne mistydinga prøvde presten seg på ny: ”Jeg mener navnet ditt”. Svaret har vorte hugsa. ”Jørgen Fredrik er mitt navn. Gud til ære meg til gavn. Det er meg i dåpen givet, og i livsens bog innskrevet,”

Gamle- Jørgen brukte også halvemålet i rekneskapsbøkene. Sitat:” Hoved Bog for mig

Jørgen Fredrik Bernts. Viddal 1867 den 30 dag i den 12 Maaned. Er i skriver jeg en vær som Jeg Skylder Penger til og vor for”

 

Kjelder: Hjørundfjord, Gard og ætt 4

Minne frå Hjørundfjorden og bygda mi av John Mork

Frå Hjørundfjord, årsskrift nr. 34

Andersslektene frå Saure  ved Thorbjørn Urke

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php