Follabloggen

Velkommen til min blogg

Korleis selje ei bok II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 30. november , 2012

Dersom du har eit namn, treng du i utgangspunktet ikkje plage deg med tankar om at boka du skal gje ut, vil selje. Gjev Knausgaard ut ei mursteinsbok igjen, vil garantert mange stille seg i kø for å kjøpe boka, og gjerne få forfattaren til å signere.

Det stiller seg annleis viss du er ny og ukjend. Då må det marknadsføring til. Nokon må melde boka, kome med synspunkt på verket, og gjerne rå folk til å kjøpe produktet.

Eg veit ikkje om kulturrådet framleis driv og kjøper opp bøker. Bøker som hadde fått midlar frå det såkalla Kulturfondet, har ikkje vore sett på som bestseljarar. Det er vel slik framleis at du må få ei bok godkjend viss du skal gje eit åndsverk ut på eitt av dei store forlaga. Gjev du ut bok på eige forlag, så er det fritt fram.

Kor mykje skal ein ta for ei bok? Her er det nok som med mangt anna som skal verdsetjast. Er noko for billeg, så trur ein at dette verket har produsenten lite tru på. Set ein prisen for høgt, ser ikkje folk seg råd til å kjøpe. Då ventar ein kanskje til boka kjem på Mammutsal.

Eg var litt i tvil om eg skulle legge ut dette innlegget. Ingen ting å flire av!

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php