Follabloggen

Velkommen til min blogg

Skosnø

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - onsdag 7. november , 2012

På desse kantar heiter det skosnøv, og i skosnøv kan du gå i lågesko utan å verte våt på føtene. Eg ser då bort frå at skorne kan vere av dårleg kvalitet. Er det berre ein skosnøv på tunet, ist eg ikkje å ta ut snøfresaren.

Det gjekk litt tid før eg forstod at vervarslinga måler snøfall i millimeter, men at vi då må gange med 10 for å få den estimerte snødjupna. Forresten, snøen kan no vere mangeleis, våt eller»tørr» som ytterpunkt, sludd eller mjellsnø. Ein skikkeleg hagleling kan fort bli eit tjukt lag på bakken, men store mengder hagl er vel meir sjeldan.

Når ein byrjar å filosofere over noko, kan det fort balle på seg. Ei snøfille kan bli ein snøball, ja eit snødyr!

Eg er ikkje så glad i snø lenger, jublar ikkje og spring ut når den første snøen kjem. Tenkjer helst på at bilen må vere godt skodd og vegen rydda. Vi skriv 7. nov. og den andre snørida denne vinteren melde seg sist natt, men førebels er det berre ein skosnø.

4 Comments »

  1. Idunn Said,

    november 7, 2012 @ 21:06

    Er treskosnø meir eller mindre snø?

  2. Harald Said,

    november 7, 2012 @ 21:21

    Eg har dårlege røynsler med tresko i snø, spesielt når han er våt. Det kan verte høge kladdar under treskorne og er det singel under snøen, kan det verte eit lag med småstein også. Nei, tresko i snø, er usikre greier. Tette, gode småsko, er det beste. Gode skinnstøvlar er nok det aller beste.

  3. Idunn Said,

    november 8, 2012 @ 17:17

    Syns eg har sett deg ganske ofte med tresko i snø, men kanskje berre bort til postkassa ;) Og ikkje ved klabbeføre.

  4. Harald Said,

    november 8, 2012 @ 22:14

    Det du skriv,er sjølvsagt sant,men eg meiner like fullt at snø og tresko er ein dårleg kombinasjon. Dersom alternativet er sokkelesten eller å gå berrføtt så kan det forsvarast.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php