Jordskjelv
Det var visst eit lite jordskjelv som heimsøkte oss i dag tidleg, ikkje meir enn styrke 3! Det er då ingenting å ta på veg for. Det var likevel mange som tok kontakt med lokalradioen for å fortelje om braket dei høyrde, ristinga og klirringa av glasa i skåpet.
No var det visst fleire som ikkje hadde merka noko. Det kan vere mange grunnar til det.
Eg har gjort meg ein del tankar om jordskjelv utover dagen. Det første er den kjensla ein får når ein skjønar kva det er som skjer. Det er ei kjensle av utryggleik. Kva no? Vil ristinga stanse? Dette hender kvar gong. Eg trur ikkje det hadde vore noko betre om eg budde i Tokyo eller San Fransisco. Nei, det hadde vore ti gonger verre for då visste eg at det kunne bli katastrofe.
Så kan jordskjelv vere noko anna enn det ordet seier. Det kan vere noko som skakar ein opp, noko fælt som hender dei ein er glad i. Eg går ikkje rundt og er redd for at det skal bli eit jordskjelv i morgon, eg ottast meir for skjelv som aldri går over. Det var noko slikt han snakka om i radioandakta i dag, og som eg kjende meg att i.
Då Eidner, presten i radioen, skulle be Fadervor, kom braket og ristinga.
