Follabloggen

Velkommen til min blogg

Tilbake på sporet

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - tirsdag 4. januar , 2011

Eg likar å vere på sporet av noko. det kan vere mest kva som helst, til og med mat! Etter ei velfødd julehøgtid er nok ikkje trongen etter mat det som er mest presserande, kanskje.

No er eg tilbake på sporet. det var det eg ville fram til med tankane mine i dag. Tilbake i tralten. Kvar eg har vore? Tja, litt ute av slag,  sjuk og delvis sjuk. Trur det må ha vore svineinfluensa. Skal eg også gramme meg igjen, no? Har gramma meg nok sidan 2. juledag då det byrja med feber. Etter kvart vart det hosting og hentinga av slim frå skjelvande blåsebelgar. Matlysta for sin veg. Kava meg gjennom festmiddagar og sleit sofa og seng. Prøvde eg å gjere gagnsverk,  fekk eg baksmell og måtte kvile.

Men no stig forma, arbeidslysta kjem av seg sjølv.  og eg ser lysare på det nye året. Det at eg no brått er å leine i huset, er også eit prov på at eg er tilbake i gammalt gjenge og tullar rundt meg sjølv og eigne  tankar. Må til å spekulere på kva slag middag eg skal servere i dag. Høyrt slikt tøv! Det er framleis etande restar etter middagar i jula. Vert vel noko der.

1 kommentar »

  1. Suppedora Said,

    januar 4, 2011 @ 17:47

    No er du endeleg tilbake!!!! kjekt å lese om slim og grønske…. Takk for ei fin romjul!
    no skal eg lage mat…. eg går for kyllingsalat, sidan vi hadde sodd i går… hehe, eg nærmar meg 30….. whhææ

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php