Follabloggen

Velkommen til min blogg

Louis, Neil og Lance

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 23. oktober , 2012

Tre vidgjetne menn med etternamnet Armstrong. Eg veit ikkje om alle tre har fått sitt minnesmerke eller statue. Etter det som har hendt siste dagane, er den siste riven ned frå sokkelen. Ein stor syklist er avslørt som juksar. Dei sju sigrane i Tour de France er er tekne frå han, og han sit att med skamma.

Neil er ikkje mellom dei levande lenger, men minnet om måneferda i -69, vil leve. Den første mannen på månen! Kva så med den første i trioen, Louis ? Den farga jazzmusikaren frå New Orleans kan ein framleis høyre på vinyl og cd. Ein av dei første låtane eg kan minnast er «Wambesi» på trompet, og seinare «What a wonderful World», der han syng med si sprokne stemme.

Det er ille å bli fråteken all ære, og etter det bli «raka fant». Då tenkjer eg heller på dei to første.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php