Eselbombe
I det eg kallar gamle dagar, høyrde eg aldri om folk som feste bomber på seg med det føremålet å gå i døden og få flest mogleg med seg i same slengen. Etter kvart har eg høyrt om sjølvmordsbombarar mest dagleg. Her ein dag var det nokon som hadde festa ei bombe på eit esel. No trur eg ikkje eselet sjølv løyste ut bomba, ho var nok tidsinnstilt og skulle kanskje gå av på ein marknadsplass.
Eg synest verda vert meir og meir utriveleg når det gjeld å finne fram til verre og verre måtar å ta liv på. Terroristar har alltid eit mål med handlinga si. Det er vel helst islamistar som driv med sjølvmordsbomber. Så langt eg har skjøna det, trur terroristen at han blir sæl i det neste livet når han utfører handlinga. Kva med eselet?
