Snorklipping
Her skjer Liv Signe «snora» med ein Honndalsljå. Kvivsvegen er opna. Ein gammal draum har gått i oppfylling. Eg stod der og kjende at eg var priviligert. Tenk å få vere med på denne store augneblinken inne i den 6,5 km lange tunnelen 750 m under sjølve Kviven. Nei, det er ikkje eg som står i lag med Liv Signe Navarsete, men vegdirektøren til venstre og fylkesordføraren i Møre og Romsdal på den andre sida. Navarsete har vorte litt uklar, men ho var veldig klar i røysta då ho sa at Kvivsvegen var opna :-)
Her var truleg om lag 4000 menneske som fekk med seg storhendinga. På det nedste biletet ser du den lange bilkøa på Kalvatn-sida.



