Kufse
Eg veit ikkje kva det er å kufse.Viss det er eit verb då. Dersom det er eit substantiv, så veit eg heller ikkje kva det er. Kvifor vart ordet godkjent då eg la det i Wordfeud? Er det eit ord vi kan bruke til det vi vil?
Kan eg til dømes seie at no skal eg ut og kufse? Viss eg meiner kofse, då tyder det at eg skal ut og snu småhøyet som ligg til tørk på marka. I dag er det for seint med småhøy, 11. september! I dag er det eit forferdeleg regnver. Trur at elvane borte i bergsida snart renn saman i ei einaste stor flodbølgje. Då trur eg det vert kufse på Langvatn. Sjå der: No laga eg eit adjektiv av det merkelege nyordet.
No veit eg det: Eg går ut og stiller meg under ufsedropane, let det renne nedetter hals og rygg. Då vert det KUFSE!

Solgunn Said,
september 11, 2012 @ 13:27
Eg trur du skal slå de saman med Petter Schjerven. Eg kan iallefall spørre om han vil nemne forslaget ditt ein gang!
Harald Petter Said,
september 11, 2012 @ 16:37
Petter Schjerven må gjerne besøkje bloggen min :-)