Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ei travel tid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 10. september , 2012

Hausten er ei travel tid sjølv om ein er pensjonist. Gjeremåla står i kø, regnelingane også.

Første hjorteslaktet er stelt. Heile sist laurdag gjekk med til å skjere opp den halve hjorten eg henta oppi Skaret. Det var visst ein frampart av kolle og ein bakpart av bukk(!) Sidan vi fekk i minste laget i fjor, skal vi nok ha noko meir  å stelle til i år.

Elles var det den veggen på Gamlehuset eg var i ferd med å skifte ut nokre fjøler på, men så er dei så breie at slike ikkje er å få på byggsenteret. Eg har ein avtale med ein som har liggande ein stabel, men mannen må bli frisk av ei stygg forkjøling først.

Viktigaste prosjektet er torvtekking av vedahuset. Førebuing til dette har eg jobba med i dag. Kona dreiv og laga kjøtkaker av hjortedeiga, men kom eins erend ut og skrytte av mannen sin som hadde fått torvålane på plass.

Grannen med gravemaskin har lova å flekkje av torver til taket, så planane er klare vidare. Det ville no vere bra om eg vart ferdig til snøen eller frosten kjem.

Det er visst endå meir som ventar på ein innsats i dagane som kjem.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php