Follabloggen

Velkommen til min blogg

Pupling

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 2. september , 2012

Folk puplar og pratar. Pupling er også prating, men det vert mindre meiningsfullt i mine øyre når folk puplar. Puplesmed er eit uttrykk eg hugsar vart brukt i førre århundre, og det er kanskje somme som brukar det framleis om folk som ikkje kan late vere å la skravla gå. Av og til må eg verkeleg undrast over kor mange rare ord som finst, og dette merkelege ordet om å lage lydar, er nok eit såkalla lydmålande ord, eit onomatopoietikon.Viss du puplar, så tek ikkje folk heilt alvorleg det du seier, og då er det lett å tenkje at ein heller ikkje tek alvorleg den som lagar puplinga.

I det siste har eg av og til lurt på om kona mi puplar, men no er eg komen til at det er noko som er i vegen med høyrsla mi. Det hender at eg misforstår det ho seier. Når eg spør oppatt, får eg vite at det var ein heilt annan bodskap som vart sendt ut. Det kan sjølvsagt vere at eg lever i mi eiga verd, og slett ikkje er skjerpa som det heiter.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php