Dugnad
Det var dugnad i bygda i dag. Eg kan hugse frå «gamle dagar» at folk sa «dunad». Faren min bygde ny løe, og den stod ferdig då eg var seks år. Det var» dunad» då takplatene skulle leggast på. Karane i grenda kom og hjelpte far med å legge dei grå eternitplatene på taket. Det vart saga og bora i desse platene. I dag veit vi at asbesten i eterniten er farleg for helsa, og det er strenge føreskrifter når slikt materiale skal handsamast. Når det var dunad med taklegging, var det eit fole «mosk». Eg kan hugse at far klaga over at det hadde vorte ein del skadar på taket i samband med legginga. Sidan det vart nye løer på grannegardar åra etter, vart det nok dugnad då og. Folk på bygdene var gjerne flinke til å hjelpe kvarandre når det vart tillyst dugnad. Tankegangen var gjerne: Eg hjelper deg, og så hjelper du meg. Det var elles slik at når det var dugnad, så fekk også folk eit godt måltid mat.
Vi snakkar om dugnadsånda. Den lever framleis, men i dag er det meir slik at ein samlast om viktige saker i nærmiljøet. Foreldra til borna i barnehagen eller skulen, møter opp for å gjere utearealet trivelegare og kjekkare for borna. Arbeid for felles beste.
I 2004 var det ei konkurranse på NRK om kva som var det mest typiske norske ordet, og då var det «dugnad» som fekk flest røyster.
Føremålet med dugnaden i dag var å gjere grenda vakrare til Austefjorddagane og Kvivsvegopninga seinare i månaden. Det var særleg mange unge som tok del i dugnaden i dag. Eg tykte det var gledeleg å sjå at dei yngre gjerne vil at det skal sjå velstelt ut i bygda.
