Follabloggen

Velkommen til min blogg

Bær

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 20. august , 2012

I dag sylta eg ei ny ladning med solbærsylte. Utan dette pålegget vert vinteren tung å takle. Første brødskiva om morgonen er med sylte. Tre ladningar er komne på glas, og det får halde.

Det har gått i bær siste dagane. Blåbæra som hovudsakleg vart sanka i Kvivsdalen var noko ymsne. Kvart bær måtte fingerfarast. Var her rotflekk? Stilken stod gjerne att og måtte fjernast. Så var det lett sukring og fylling på brukte yohurtbeger. Frysevare.

Trasten var ikkje nøgd med å plukke i seg blåbær i skogen, han ville også ha ripsbæra våre. Han fekk fleire runnar, men nokre vart sikra med not så dessert- og syltebær vart sikra. Kona var flittig med å plukke bringebær, så vi har fleire godsaker med bær i frysaren.

No trudde eg at vi var ferdige med bæra for i år. Der tek eg feil. I morgon er det stikkelsbær som skal i hus, til saft!  Det skal visst vere prima. Min barndoms stkkelsbærsylte hugsar eg ikkje med særleg glede, men dei kan vere gode å ete rett frå buska.

Men du hendelse: Tytebæra! Dei hadde eg nær gløymt, men dei er ikkje mogne enno. Meir å glede seg til.

I går var vi på ein fjelltur i lag med fleire. Då var det ein som hadde ein kvast med nokre raude, blanke bær. Tågebær tenkte eg, men det var ingen i følgjet som visst at dei heitte det. Det vart sagt at desse bæra er giftige. Komen heim, las eg på nettet at desse bæra ikkje er giftige slik mange trur.

Her i Sunndalen veks det ikkje bjørnebær, men det gjer det på Langvatn, men eg har ikkje vore freista til å gjesta den grenda for å plukke desse bæra. Dei lyt no få ha desse for seg sjølve, langvatningane.

Eg lurte på om eg skulle skrive litt om molte og molteplukking, men det kan verte omfattande sak. Det var forresten ei jul vi hadde plukka noko molte som vi ville glede dei heimkomne med. «Molte, hæ ?» Dette var ein ny og framand tradisjon. «Spar oss!»

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php