Follabloggen

Velkommen til min blogg

Grøt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 12. juni , 2012

Det vert ikkje innlegg på bokmål, viss nokon venta det. Har du høyrt om grjot? Det er eit urgammalt ord for stein. Dialektisk kan det vere grøt, og då i samanheng som Grøthornet(fjell) eller sendegrøt. Det siste er noko verre å forstå. Grøt+sende. Sisteleddet kjem av sandstein. Sandstein har vorte brukt til å lage brynestein av. Her i området finn vi felt med sandstein og her er også ein lokalitet som vi kallar Sendegrøtene. Her har det vorte teke ut sandstein til bryner. Sandsteinen er så «mjuk» at du kan» skrive» i han. I Sendegrøtene har fleire skrive initialar på bergveggen, gjerne saman med årstal.

Ordet gryte kjem visst og av grøt. I tidlegare tider vart kokegryter laga av kleberstein. Det som vart laga i ei gryte, kunne vere graut eller grøt. Det er mykje interessant når det gjeld kva ord kjem av.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php