Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kolbota

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - fredag 1. juni , 2012

Det er berre ein sunnmøring som kan få låkt i kolbota. Du har to kolbøter, ei på kvar fot. Kolbota ligg på baksida av kneet. Kanskje ein kvan som les bloggen min veit kva ordet kjem av.

Eg har eit ord til i same slengen. Alle veit kva eit saltkar er. Det finst mange sortar eller design, som det heiter på moderne språk. Eg kan hugse eit saltkar frå min barndom.Det var ei firkanta boks med lokk på og laga av tre. No tenkjer eg på eit anna saltkar. Det er saltkar du har på kroppen viss du ikkje er altfor feit. Er du mager, har du det i alle fall. Hola bak kragebeinet ditt er eit saltkar! Sveitten renn frå halsen og ned i denne gropa, ei på kvar side av halsen. Eg høyrde mora mi brukte dette omgrepet. Du finn det ikkje på internett eller i ordboka, trur eg.

 

4 Comments »

  1. Alette Eriksen Said,

    august 12, 2019 @ 11:10

    Hei – artig å lese om kolbota. Eg har også brukt dette ordet, lært av mine foreldre. Ordet vert ikkje brukt i dag, trur eg. Er det berre på Sunnmøre det har vorte brukt?
    Veit ikkje kva ordet kjem av, men det hadde vore artig å få vite det.

    Mva Alette

  2. Harald Petter Said,

    august 12, 2019 @ 19:38

    Ivar Aasen har med ordet i si «Ordbog over det norske Folkesprog», utan å noka forklaring. Artig å få kommentar til ein blogg eg skreiv for sju år sidan!

  3. Audun Aarflot Said,

    oktober 17, 2019 @ 17:08

    Ja, dette uttrykket kjenner eg og godt til, men så er eg og sunnmøring. Har heller ikkje høyrt det brukt andre stadar

  4. Sunnmøring Said,

    juli 18, 2020 @ 22:57

    Artig! Kolbota og olbogslykkja 🤩

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php