Marienlyst
Eg kjenner ein som mest heile sitt vaksne liv har jobba i NRK. For eit par dagar sidan fekk eg oppleve å bli guida rundt på Marienlyst. Diverre såg eg ikkje Åsulv korkje på kantina eller vandrande i ein korridor. Tenkjer han sat på kontoret sitt. Kven eg elles såg , kan no vere det same. Det var forvitneleg å sjå rommet der dei store nyheitssendingane går på lufta og kike inn på dei andre studioa der populære program som» Bit for bit» og «Nytt på nytt» vert spela inn. Vi fekk elles vite at programvertane må kunne utanat det dei skal seie og at dei som les opp nyhenda har skrive teksten sjølve. No er det visst berre NRK som brukar programvertar.
Vi vart ført rundt av ein som kunne sitt NRK. Kostymelageret var det mest imponerande. Effektar frå kjende program vert tekne vare på. Det knyter seg mange minne til brukte klede. Det var tydeleg å sjå at der var sko som var godt brukte, men mellom alle hyllene frå golv til tak var nok ikkje alt så velbrukt. Vi lærte elles at dei som skal lese vermelding eller nyhende, ikkje brukar eigne klede.
Det mest fascinerande rommet, var sjølvaste Radioteatret. Går det av ei stor bombe på Majorstua som ikkje ligg langt unna, vil ein ikkje kunne høyre det her. Rart å tenkje på alle dei store skodespelarane som har brukt stemmene sine i dette rommet.
No veit eg litt meir om dei lokalitetane som eg stendig ser på NRK sine sendingar. Eg har lyst å kome dit igjen, og då vil eg vere publikum på eit fjernsynsprogram. Opptak til 20 spørsmål med Borge er i så fall favoritten.
