Frå shorts til stillongs
No skulle det vere vår i bygda. Bjørka heldt på å få grønfargen, og fuglane song i skogen. Då eg kom ut i dag, låg det ein bokfink på dørmatta. Pus må alltid vise oss at han kan kunsten å fange fugl. Det er ikkje noko umoralsk i det, for ein katt. Men etter gårdagens vårkjensler, vart det nordvest og sluddbyger i dag. For tre dagar sidan var vi på Gran Canaria, men i dag var det eit par plussgrader. Jau, vi bur i den kalde sona, med alt det inneber.
Det var dugnad på kyrkjegarden i dag. Glad eg tok på varmt undertøy og regndress. Klipte renningar og småbusker med beitesaks. Etter to timar var alle i hus og trakterte med kaffi og vafler.
I dag lever eg forresten framleis på den gilde konserten på Samhald i gårkveld. Jarle er ein stor pianist, og det var spesielt å oppleve stykke han aldri spelte då han vaks opp her i bygda og gledde oss på julefestar og 17. mai. Grieg spelte han då og, men no var det avansert samtidsmusikk også. Kanskje vart eg likevel mest teken av hardangerkomponisten Geirr Tveitt sine stykke. Men eg må også ta med søskenparet Siv Kristin og Gunnar Sigve som held fram med å imponere oss med songen sin. Kan hende hamnar dei i Operaen slik som slektningen, Helga Botn.
Eg klagar ikkje. Livet er godt her i nord, og i morgon vert det godt ver i følgje Gislefoss. Då kvitrar det i skogen att!
