«Berre sit!»
Det er ei tid for alt. Eg har vel ikkje gløymt alt av gode og mindre gode vanar frå ei tid som var. Å reise seg ved pulten når læraren kom inn i klasserommet om morgonen, vil eg seie var ein god vane. Dei fleste lærarar meiner nok at det kan vere ein god måte å samle klassen eller gruppa på slik ved starten av ein ny dag. Det må likevel innrømast at eg aldri har vore særleg konsekvent i kravet om at dette er einaste måten å etablere ein god start på dagen. Kan hugse ein lærar eg hadde på lærarskulen som vart brydd og nærast tykte det var for mykje av det gode at vi reiste oss for han. Olav Farestveit var ein god mann. No har eg opplevd mange slags flokkar, og nokre gjengar kan ikkje tenkje seg å reise seg for ein «overordna.Kva var det så som kom over meg her ein morgon? Vi var på ferie på Gran Canaria. Eg måtte ein tur på badet og hente noko. Visste ikkje at det allereie var ein person der som sat på «skåla». Då berre datt det ut av meg: «Berre sit!»
