I godt selskap
Biletet over er frå 1898. Det er frå eit stemne i Aasentunet og det er berre to år sidan Ivar Aasen døydde. For å setje det i eit endå større perspektiv: Bjørnson og Ibsen lever framleis, og det er sju år til Noreg vert skilt frå Sverige! Kvifor syner eg dette biletet i bloggen min?
Det er ein person som er viktigare for meg enn alle dei andre. Anders Vassbotn sit midt i flokken med sixpence og stav, men det er ikkje han. Heller ikkje er det andre personar som fekk eit ettermæle i Volda og Ørsta, men det er kvinna i framgrunnen. Det er ho som skulle bli mormora mi, Gyrid Flo. Eg hugsar henne sjølvsagt ikkje slik, med hardangerbunad. I ein tidlegare blogg skreiv eg om henne (Saurebesta).
Eg likar å reflektere når eg ser på gamle bilete. Sjå han som står med sykkel bak til venstre. Han har nok sykla på den dårlege bygdevegen frå Volda og hit til Aasentunet. Det er fotograf Johan Nerbøvik. Han som står ved sida av han, har også sykkel. Det er Gregorius Rotevatn, også frå Volda. Han var vel bestefor til ein Gregorius eg kjenner og oldefar til Audhild Gregoriusdotter!
I bakgrunnen ser vi bjørka som Aasen skriv om i » Tidt eg minnast ein gammal gard».


Idunn Said,
mars 7, 2012 @ 18:32
Kor artig!
Håvard Kalvatn Said,
mars 8, 2012 @ 07:35
Enig! Det var spennande å lese. Artig vri. Kjekt når det bygger seg opp ei forventning til kva som er hovudpoenget. Artige refleksjonar/ observasjonar undervegs krydrar.
Synne sunnfjording Said,
mars 1, 2017 @ 11:45
Hei! Kjenner du tilfeldigvis til slektsforskning rundt slekta til Anders Vassbotn? Mormora mi meiner vi er i slekt med ei han gjennom ei «Johanne Vassbotn». Ho snakkar om at dei kom frå Volda området og budde ved eit vatn.
Harald Petter Said,
mars 1, 2017 @ 20:31
Hei Synnøve! Dette var artig. Anders Vasbotn si bestemor var dotter til min tipptippoldefar Harald Olson Kalvatn. Eg har sjølvsagt Anders rasmusson Vasbotn på mitt slektstre.Eg brukar MyHerritage. Viss du er interessert, kan eg gje deg tilgang til mitt slektstre. Mvh Harald Petter Kalvatn