Meir om posten
Rasjonaliseringsiveren i Posten ser ikkje ut til å vekkje dei sterke reaksjonane i landet. I følgje Sentio si nyleg offentleggjorde meiningsmåling, meiner halvparten av dei spurde at det er greitt at det ikkje vert omdelt post på laurdagar.Vi får elles vite at det er Krf og Senterpartiet som vil halde på laurdag som postdag. Akkurat. Her ser ein kva for parti som tenkjer på utkantane.
Korleis skal vi få Møre og Møre-Nytt den dagen den raude postbilen ikkje dukkar opp. Kva seier du? Skal lokalavisene hentast på butikken? Eg spør meg sjølv : Kva for ein butikk? Det er vel slik at folket her i bygda meiner at butikken ryk etter at E39 kjem gjennom bygda i slutten av september? Kanskje Møre og Møre- Nytt køyrer ut avisene sine til abonnentane sine denne dagen? Jau, eg ser det føre meg! Kva med oss som held ei osloavis? Laurdagsavisa på måndag? Nei, takk! Eg trur vi kan vente oss mykje rot viss Posten sine planar skal gjennomførast. Eg ser at det er ein som skriv at Posten må redusere portotakstane viss det ikkje vert sendt brevpost på laurdag. Er det nokon som trur at det skjer? Eg forstår veldig godt at det vert meir og meir elektronisk post. No er visst portoen på eit 20 g brev 9,50.
Det skal sjølvsagt ikkje bu folk i dei såkalla utkantane. Utkantane kan berre gro igjen.
