Follabloggen

Velkommen til min blogg

«Mjelk»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 18. januar , 2012

Språkstriden rasar igjen. No er det tekstane på mjølkekartongane som set sinna i kok. Her ein morgon oppdaga eg at Tine har funne på å fortelje konsumentane om nokre mjølkegardar. Det er gardar på Vestlandet som slik vert presenterte for dei mjølkedrikkande. Eg veit ikkje om nokon tek skade av å lese om mjøllkeprodusentar på Vestlandske gardar, på bokmål, men folk som engasjerer seg kjem som vanleg med usaklege utsegner om dei som vil ha tekstane på nynorsk og dei som meiner at nynorsken må halde seg langt vekk frå mjølkekartongane. Sidan eg ikkje drikk kalvedrikk, er eg ikkje så overvettes interessert i debatten.

Så måtte det  kome fram at mange av oss som held på nynorsk ikkje av «naturen» tek ordet mjølk i vår munn, men rett og slett seier «mjelk». I gammalnorsk tid sa dei nok mjåkk eller kanskje mjålk, men her i våre bygdelag har det vore mjelk. Eg veit at mange etter kvart har gått over til å seie melk, men det er ikkje fordi dei vil kaste vekk j-en, men fordi det er meir tidsrett  å seie melk.

Veit du forresten kva ein seier når ein drikk mjølk på sturten, gjerne frå ein kartong. «Dei demlar i seg!»No er det viktig at mjølkebøndene får auka status, som det heiter, og produserer mjelk. Viss for mange sluttar med kyr, må vi kanskje importere frå EU og då kan vi få kartongar som det står» milch» på. Vi fekk før jul  «Beurre» frå Belgia. Så kven veit!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php