Stølshelg i Kvivsdalen
Dette var eitt av bileta eg hugsar frå familiealbumen i min barndomsheim. Far fortalde stolt at det var han som «trykte av». Sidan fotoet er så skarpt, reknar eg med at det vart brukt stativ. Eg har sett mange bilete frå setrehelger, men dette motivet er noko spesielt. Det er fleire grunnar til det.
Når det var setrehelg, så kom unge karar for å treffe budeiene. Det trong ikkje vere så høgtidleg, men setrejentene tykte sikkert det var gromt å få besøk. Difor vart det gjerne diska opp med mat. Rømmegraut var nok vanleg kost. Om karane på biletet har ete graut, kan vi ikkje sjå. No sit dei og drikk kaffi og har fin duk på bordet, og til og med blomar i vase.
Bestefaren min er nr. tre frå venstre rundt bordet, og to av døtrene hans er mellom budeiene. Minst ein av karane er ikkje frå bygda, og eg meinar at han som sit heilt til høgre var ein ingeniør som dreiv og stakk line for jernbane som det på denne tida var planar om å byggje via Kviven. Faren min var med som stikkegut. Dette var rundt 1920. Jernbane vart dette ikkje noko av til Sunnmøre, men i år vert Kvivsvegen opna, og det vert E39 mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Eg tenkjer elles på kva klede personane har på seg. I dag vil ein ikkje gå til fjells i finstasen. Den gongen var det ei rås til Kvivssetra. I dag er det bilveg dit, men ein vil likevel ikkje ta på seg bestekleda sjølvom ein har tenkt å feire litt.

