Lenge sidan, eller….?
Då eg var liten, fanst det ikkje fotoapparat i heimen. Det var ei tante som skal ha særleg ære for at det finst barnebilete av meg og syskjena. Det biletet som eg har lagt til, var det ikkje tante Oddlaug som tok med sitt kassaapparat. Eg må ha vore halvtanna år då eg vart fotografert for første gong, sitjande med litt støtte av mor mi som stod bak. Det vart teke fleire bilete denne dagen på Saure i Hjørundfjorden, der vi var på gjesting hos besta og bestefar, men eg er glad for at det vart teke bilete av den førstefødde i barneflokken. Som du ser, var eg glad og nøgd, rund i kjakane og interessert i verda rundt meg.
Eg hugsar sjølvsagt ikkje noko frå fredsvåren 1945. Det er fortalt at eg sa» Hulla plagget». Vi hadde ikkje flaggstang på den tida, men dei flagga nok i grnnegardane. Det er elles naturleg å reflektere over utviklinga av fototeknikken. Vi har ei mengd bilete av eigne born , både papirbilete og slides. No har vi fått barneborn og det er det digitale biletet som gjeld.


Birgit Said,
januar 16, 2012 @ 09:02
Eit levande bilde av ein blid gut.