Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein bokelskar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 7. januar , 2012

Eg har lese og høyrt om studenten som med rette kan kallast ein bokslukar. Det er ikkje til å tru kor mange bøker denne unge mannen har lese. Han har opna eigen bokhandel i Storgata og sel brukte bøker. Eg var innom der i dag og vart verkeleg imponert. Rommet er fylt av bokhyller som er kreativt oppsette slik at du vandrar inn mellom bøkene. Du kjem tett på bøkene og her er mange slags litteratur som lett vekkjer interesse,  eldre titlar og nyare. Det var kona mi som kjende til mannen og butikken. Han vert neppe rik på geskjeften sin, men det var gledeleg og oppløftande å råke ein ung mann med så sterke interesser for boka.

Eg held meg ikkje for å vere kultursnobb så eg gjekk ut av butikken med ei bok av Agatha Christie, ei med norsk humor samla av Arild Feldborg, og eit Fantometblad. Den unge studenten vil flytte sjappa til Oslo, eit tap for Volda, spør du meg.

Slik var det vi avslutta den dagen vi i lag med 5000 andre gjesta snøggruta»Nordlys» som ligg ved kai på Vikeneset .

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php