Follabloggen

Velkommen til min blogg

Juling

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 30. desember , 2011

Det var mange som fekk juling, vi og. Det var Dagmar som svinga speissa. Ho kom brasande då vi sat ved kaffibordet i kveldinga 1. juledag. Vi høyrde eit ofseleg brak. Det var taket på vedskjulet som for forbi og så vidt sneia verandarekkverket. Bølgjeblekkplater låg strøydde. Dei vart raskt lagde på trygg stad for vi visste at stormen skulle bli verre utover kvelden. No står vedhuset utan tak så eg har i allefall eitt prosjekt i det nye året.

Taket let seg reparere, men det er verre med frukttrea. Det gamle, store pæretreet knakk ein meter over bakken og la heile si tyngde nedover Opalplometreet. Det var heller ikkje kjekt å finne det unge epletreet som ei bølgjeblekkplate hadde karnøfla. Eg har aldri før arbeidd andre og tredje juledag. Motorsaga skal forresten kome i flittig bruk på ein stor lerk og ditto grantre som ligg rotvelta berre nokre meter  ovanfor garasjen. Skikkeleg oversyn når det gjeld skogskadar har eg ikkje enno.

Det er mange stader det er langt større skadar enn det vi har opplevd. No har vi fått att straum, internett og telefon. Vi er på eit vis attende til det normale, men vi ber med oss ein mindre tryggleik inn i det nye året.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php