Krokodilletårer
Eg tenkte ein formasteleg tanke då eg såg ein reportasje frå Nord-Korea i dag. Den store leiaren deira er død og ei folkemasse er oppløyst i gråt. Det er ikkje lett å avgjere om det er ekte gråt eller krokodilletårer. Vi har høyrt at folket i dette landet har vore utsette for alvorleg matmangel og generelt mykje fattigdom. Tenk om folk var så glade i denne mannen. Kanskje har dei vorte så indoktrinerte i om kor mykje godt denne diktatoren har gjort, at det er ekte gråt.
I NT les vi om at det var innleigde gråtekoner som syrgde når nokon var død. Var det gråtekoner eg såg på TV, betalt gråt med andre ord. Græt alle dei som har vanskar med å skaffe seg mat? Kan det verte farleg for folk viss dei ikkje græt? Kjem politiet og kastar ein i fengsel viss ein ikkje græt over Kim yong ill?
Her i vårt land græt vi ikkje over denne diktatoren som no er død. Eg veit ikkje om krokodilletårer er så vanlege her heller. Småbarn tek ofte til tårene når dei slår seg eller det er slåsting om ei leike. Eg ville ikkje finne på å kalle det krokodilletårer. Krokodilletårer er vel mest ein metafor i vår kultur.
