Follabloggen

Velkommen til min blogg

Higgs boson med meir

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 15. desember , 2011

Det kan somme tider vere freistande å skrive om noko som ein ikkje har det minste greie på. Higgs boson for eksempel! Har du ikkje høyrt om det? Det er det minste du kan tenkje deg i følgje fysikkvitarane. No veit dei ikkje om desse partiklane finst, men dei skal vere svært viktige for å kunne prove teoriar som fysikarane har om korleis alt er sett saman. Mitt vit er ikkje brukande til å forstå det desse vitskapsfolka tumlar med.

Så er det sett spørsmålsteikn ved om det snøggaste som fint, er lysfarta. Eksperimenta i Cern ser ut til å vise at det finst noko som har større fart enn lyset, kva no det kan vere. Det er same folka som tumlar med Higgs boson også. Den som greier å løyse «gåta», kan rekne med å få Nobelprisen i fysikk.

Las eine dagen at ein har funne ein planet som kan vere leveleg på for folk frå Tellus, 600 hundre lysår borte. No har vi ikkje noko romskip som fer med lysfart. Slike reiseplanar kan vi førebels slå frå oss. Kva med å gjere meir for å løyse dei store miljøproblema på jorda vår! Det var denne planeten vi fekk.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php