Synet mitt
Dei som går med briller eller ekstra linser, og veit alt om det å vere langsynt eller nærsynt, kan late vere å lese denne bloggen.
Det vart verre og verre. Kva står det på skjermen? Skal eg ikkje sjå tydeleg tekst når eg sit 3-4 meter unna. Eg har hatt lesebriller nokre år, og dei har eg brukt i dårleg lys eller når eg skal sjå noko skikkeleg på kloss hald. Eg har ikkje vore plaga med at armane mine har vorte for korte slik tilfellet er med mange aldrande, men alt har ikkje vore velstand.
Her ein dag oppsøkte eg ein optikar. No ville eg ha orden på synstilhøva. I dag har eg fått briller til å sjå på fjernsyn med, og når eg er ute og køyrer bil. Det er ikkje så ille at eg må få bilete med briller på i førarkortet, men eg oppdaga at eg såg mange ting klarare på avstand. No lyt eg få takke kona mi og brillebutikken for at avstandsbrillene kom i hus. Her ein kveld fekk eg låne kona sine briller då vi sat og såg på fjernsyn. «Du verda, no las eg teksta på skjermen!» Så kom det ei gladmelding frå brillebutikken: «Du får kr.1000,- til nye briller viss du dukkar opp hos oss før jul!» Klart eg dukka opp.
Eg må tenkje på han bussjåføren som hadde ein mistanke om at synet heldt på tape seg og difor klokeleg gjekk og fekk seg sjåglas. Desse gjekk han med nokre dagar, men ein dag hadde han dei ikkje på, og ein kollega spurde kvifor.» Nei», sa han, » med briller vart det så nauta fullt av folk i gatene at eg gav opp å bruke dei».

Harald Petter Said,
desember 13, 2011 @ 16:20
Så Google driv og les bloggane mine! Eg har ikkje grømm stær!