Overdriving
Der kom det igjen: «Eg er veldig glad for…». Det er ei typisk politikarutsegn. Kvifor kan ikkje talaren berre seie at han eller ho vart glad for noko. Er det ein fare for at mottakarane ikkje trur det om ein berre seier at ein er glad for noko. Eg har innsett at det i mange tilfelle er ein talemåte. Ofte når eg har høyrt utsegna, så har ikkje leverandøren sett glad ut i det heile. Talaren meinte nok ikkje å overdrive eller forsikre publikum om at ein var verkeleg glad. Her er det truleg meir snakk om eit stammespråk. Det politiske språket er eit stammespråk, ei sosiolekt. Ein ny kommunestyrerepresentant glir snart inn i same språket som «dei gamle i faget» brukar, og det same er nok tilfelle på Stortinget.
Tilbake til nakne adjektiv som uttrykkjer kjensler som glede, redsle, lukke. Tenk så over kor naudsynt det er for oss å forsterke desse og andre adjektiv. «Eg vart skikkeleg redd, forferdeleg redd, fole redd, pissredd!»
Eg trur ikkje det er medviten overdriving når ein forsterkar adjektiva, men det er nok meir ein vane når vi skal uttrykke oss munnleg.
