Matkultur
Det er noko som heiter drikkekultur. Eg forstår det slik at det har med visse normer for drikkeskikk å gjere. Det er vel ikkje slik at det er god drikkekultur å bli dauddrukken i eit selskap? Viss vi så snakkar om matkultur, vert forståinga noko annleis. Då kjem menyen fram, kva ein et, kva som er norsk mat t.d. Såg Brenner sitt program i kveld. Etter min smak var dei førre programma betre. Dette vart ein slags lapskaus.
Eg kom i tankar om ei undersøking vi hadde på skulen på slutten av syttitalet. Elevane var ute med spørsmål til heimane om kva folk åt til middag. Det var no det. Svara var rimeleg føreseielege den gongen. I dag hadde det kanskje vorte andre svar? I undersøkinga var det også spørsmål om kva slag kloakkløysing folk hadde. I etterkant var det nok dei som meinte vi der hadde gått over streken—.
Det er rart at det vert snakka så lite om matkultur i høve til det som skjer ved bordet. I min barndom brukte vi borna å klistre potetene i sausen! Kva med å smatte, slafse og slurpe. Er det god matkutltur å skrelle dei kokte potetene med fingrane(neglene)? Er det greitt å spytte ut fiskebeina medan ein et? Skal ein synge under bordseta? Eg tenkjer ikkje då på å synge bordvers før og etter maten». Mannen visste ikkje at kjerringa var galen før ho song under måltidet». Rape etter måltidet og klappe seg på magen, er det vel ingen såkalla etnisk norske som set pris på.
Til slutt bruken av kniv og gaffel. I USA brukar dei bordkniven til å dele opp maten i «handterlege» bitar. Så gaflar dei i seg. Her på berget skal ein bruke både kniv og gaffel. Berre når det er lapskaus, kan ein bruke gaffel åleine. Eg kjenner meg nokså fri sjølv på heimebane, men hallar meir til den amerikanske måten.

Birgit Said,
november 22, 2011 @ 11:40
Fasinerande lesing, fasinerande alt du tenker på. Skulle ønske at du av og til kunne fortelle ting høgt og…
Harald Petter Said,
november 22, 2011 @ 20:59
Eg er kanskje meir skriftleg enn munnleg :-)
Harald Petter Said,
november 22, 2011 @ 21:00
Eg er kanskje meir skriftleg enn munnleg:-)