Opp-pussingsraptus
Eg er inne i ein raptus. Det er eit anfall, ei ri, eit tilfelle av verketrong. Det har ført til at eg mest ikkje har fred på kvitel! Det har vorte eit innsovingsmiddel og ein impuls til å kome meg i kjellaren straks eg har fått i meg frukosten og har pussa tanna.
Har eg vorte den nye Holberg? Han fekk som kjent den «poetiske raptus» som førte til ei rekkje komedier. Men Ludvig H. dreiv då ikkje med opp-pussing slik som eg gjer. Til all lukke lever framleis ordet raptus sjølvom Google berre vil ha det til at det er ein teikneseriefestival i Bergen, eller at det har med Raptus von Rupp å gjere. Han Knausgaard har no hatt sin raptus, forresten.
Men kva er det som driv meg ned i kjellaren? Kanskje du anar at eg driv med oppgradering av buarealet der nede? Du har rett. Eg har drive med puslespel den siste veka, sett saman parkett. I dag let eg herdane siga noko ned då eg skjøna at eg hadde meir enn nok med parkettplank. Kva gjer ein forresten med dyr parkett som vert til overs?
Sidan eg ikkje bur åleine, er det ei som kjem med innspel til andre heilt naudsynte oppgraderingar i same slengen. Det skal målast, og alt skal vere kvitt. Nei og nei, men her kom eg ingen veg. Kvitt skal det vere! Eg skal vel verte ferdig til klokkene ringjer jula inn, men det er heile tida fare for nye innspel. Kan det verte slik som jula i fjor då det var flislegging?
Det beste med heile raptusen er at kona må lage småkakene åleine. Vonar eg får smake!
