Trettandedagen

Det er trettande dag jul, Heilage tre kongars dag, eller julekveld i den ortodokse kyrkja. Eg har ikkje teke den store konsekvensen av at det no er slutt på jula. Etter gammalt er det også noko so heiter tjuande dag jul, og for å trekke det endå lenger er det noko som heiter Kyndelsmess. Det… Fortsett å lese Trettandedagen

Tyggis

Uovervinneleg som tyggegummi! Berre den som har kjempa mot uvesenet veit kva det inneber.  Kan hugse ein kollega som var særleg aggressiv når det gjaldt tyggegummi. Han starta gjerne timen med å gå mellom pultradene med bosbøtta. «Spytt ut!» Nokre valde å svelje ned. Veit ikkje om dei gjorde som drøvtyggarane  og gulpa det opp… Fortsett å lese Tyggis

Tilbake på sporet

Eg likar å vere på sporet av noko. det kan vere mest kva som helst, til og med mat! Etter ei velfødd julehøgtid er nok ikkje trongen etter mat det som er mest presserande, kanskje. No er eg tilbake på sporet. det var det eg ville fram til med tankane mine i dag. Tilbake i… Fortsett å lese Tilbake på sporet

Høgtidsdag

1. juledag er høgtidsdag og meir høgtidleg enn andre. Eg lærte tidleg at på denne dagen gjekk vi ikkje gardimellom, vi heldt oss heime. I dag er det nok ikkje slik mange stader, men her er det slik. Det einaste vi kan gjere av utfart, er kyrkjegang. Gang og gang, det vert helst til at… Fortsett å lese Høgtidsdag

Julemoro

Veslejulaftan morgon. Ein av dei små julegjestane reiv ned treet vi pynta i gårkveld. Treet vart reist opp igjen og restar av knust pynt vart kasta i bosset. Det var rikeleg med kuler igjen og lysa var i orden. Snart kjem det fleire gjester, trur dei er like om hjørnet. Om ein times tid reiser… Fortsett å lese Julemoro

Solsnu

I morgon vert dagen litt lengre. Tvilsamt om det kan merkast. Dag etter dag har det vore klåre morgnar. I dag var det overskya; vi skulle ikkje få sjå månemørkinga her. Pussig at både sola og månen kom slik i fokus i dag. Sola snur ikkje. Det var før i tida det, no veit vi… Fortsett å lese Solsnu

Julestemning

Eg har slutta å jakte på julestemninga. Det er ein absurd tanke å tvinge fram ei stemning. Det er ikkje to juler som er heilt like, nett som med livet elles. Ei julestemning må sjølvsagt vere positiv. Det er ingen som kjem i julestemning når dei tenkjer på vonde ting som har hendt i ei… Fortsett å lese Julestemning

Julegran

Overskrifta kunne vore juletre. For meg er det gran som gjeld. Eg kan hugse frå oppveksten at det av og til var fure. Nei, det må vere gran frå eigen skog. Dei som meiner å ha vit på det seier at det er ein dårleg sort gran som veks i min skog. Kan godt vere… Fortsett å lese Julegran

Julehelsingar

I år som i fjor: Seint ute! Det var ingen pakkar å sende, men så var det julebrev eller i det minste kort til dei ein fekk livsteikn frå i fjor på denne tida. 4. søndag i advent. Det må då vere deadline for å sende julehelsing til slekt og vener innanlands. Eg dryger det… Fortsett å lese Julehelsingar

Skrivekløe, eller?

Det kjem ut mange nye boktitlar kvart år. Det er ikkje ende på skrivekløa. Nokon skriv tydelegvis fordi dei har noko på hjarte, ein bodskap til manneætta, kanskje, eller dei har koka i hop ei ein kriminalroman, eller røvarhistorie. Innimellom slyng det bøker som eit fåtal les. Noja, det er eit spørsmål om ikkje det… Fortsett å lese Skrivekløe, eller?

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.