Jomsviking

Det var kanskje ei lite oppbyggjeleg bok eg las denne påska. Boka er full av dreping og mishandling. No ja, viss ein ser på krimfilmar er dei kanskje ikkje betre. Inga forandring på 1000 år?

Eg var tidleg ute og las Snorre sine kongesoger i 11 -12 års alder. Kan ikkje hugse at eg miste nattesvevnen av denne lektyren sjølv om det var mykje blodhemn og slagskildringar.

Boka,» Jomsviking», av Bjørn Andreas Bull-Hansen er ei spennande framstilling av tida rundt år 1000. Torstein Tormodsson er forteljar og vi følgjer han frå han er i 12-årsalderen. Han er tydelegvis ein godt vaksen person når han ser tibake på livet. Han har levd i ei brytningstid og det er tydeleg at han kjenner til den nye trua som breier seg, men han ligg  fast i den norrøne gudelæra og livsmønsteret som følgjer med.

Vi møter han først i Vingulmark som var området aust for indre Oslofjord. Her opplever han at faren vert drepen på bestialsk vis og han sjølv vert slave og får jarnring om halsen. Ein slave var salsvare og det er nokon som eig han. Torstein vert seld til ein som bygg båtar og han er ein gåverik gut som snart får prøve seg som båtbyggar. Ros, han som drap faren hans, dreg vidare på nye strandhogg.

Det vil føre før langt å referere alt som skjer i ei bok på 574 sider. Torstein rømer frå heimstaden etter eit dramatisk angrep frå eit langskip. Han greier å få av seg slaveringen og legg ut på sjøen med båten, ein byrding, han sjølv langt på veg sjølv har bygd. med seg i båten har han ein hund som berre har tre bein der det fjerde bakbeinet er kort og deformert. Ferda går vestover og han vonar å finne ein eldre bror, Bjørn, som reiste ut i viking.

Torstein siglar og ror og hamnar på Orknøyane. Får du lyst å lese boka?

 

Annonser

Én kommentar til «Jomsviking»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *