Krigstilstand

Det er krig i verda, kamp mot ein usynleg og livsfarleg fiende, coronaviruset. Som i krigen er det mange falne og endå fleire såra. Midt i kampsona i Europa finn vi korresdentar som melder om krigens gang.
Eg har særleg lagt merke til Roger Sevrin Bruland, korrespondent for NRK i Berlin, men som også reiser til Italia og andre land i nærleiken av Tyskland. I dag har vi sett han rapportere frå Italia, frå Bergamo, eit område i Nord-Italia som er særleg heimsøkt. Her fekk vi sjå han bli utrusta til å gå inn på eit sjukehus. Han karakteriserte hospitalet som eit lasarett. Her er det dagleg ein intens kamp for å redde liv. Legane og sjukeplearane fortvilar over det som skjer. Mange greier dei ikkje å redde, også fordi dei manglar naudsynte hjelpemiddel. Vi fekk også høyre at fleire legar og sjukepleiarar har stroke med i kampen i Italia.

Eg har tenkt når eg har sett reportasjane til Bruland, at han er modig som reiser rundt slik og står i fare for å bli smitta. Odelsguten frå Utvik i Nordfjord har sikkert nokon heime som er redde for han.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *