Corona

 

 

No er det coronavirusepidemi. Norge er i unntakstilstand. Det er krig mot noko som for vårt auge ikkje er synleg, men verkeleg. Det er ikkje levande, men heller ikkje daudt. Det kan invadere celler i kroppen din og då vert det farleg. Nokre vert alvorleg sjuke og kan døy. Det er særleg farleg for dei som er eldre, for dei som har alvorleg sjukdom frå før.

Eg bør sjølvsagt vere redd dette viruset sidan eg er eit eldre menneske. Dette er ei tid eg ikkje har opplevd før. Så lenge eg kan hugse har eg vore redd for atombomba. No har vi fått noko anna å vere redd for, ein pandemi, ein smitte som no turar fram i heile verda og trugar vår eksistens. Ingen veit kva tid dette tek slutt, kanskje ikkje før vi får ei vaksine om fleire månader.

No går samfunnsmaskineriet på sparebluss. No er det smitteverntiltaka som gjeld. Dersom alle som ikkje allereie er smitta, greier å unngå viruset, covid 19, er det ei von om siger over landeplaga.

Her i bygda veit eg ikkje om at nokon er smitta. Kona og eg lever i isolasjon som dei fleste alle. Takka vere telefon og internett har vi kontakt med omverda. Vi høyrer radio og ser fjernsyn. Slik var det ikkje for hundre år sidan då spanskesjuka herja. Butikkane er framleis fulle av varer. Vi kan hente varene sjølve, men det finst dei som er avhengige av at nokon handlar for dei. Det gjeld dei som er i karentene og dei som av andre grunnar må halde seg heime. Styresmaktene fortel oss at dette er ein dugnad, eit felles løft for å kome ut av uføret.

No kan vi ikkje berre ete, sove og passe oss for det usynlege uvesenet. Vi må passe på at vi held kroppen i form. I det siste har vi arbeidd i skogen, laga ved og elles rydda opp etter harde stormar.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *